NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!

Spel nordisk

Konsertserie med unge nordiske talent

NORDLEK handlar om menneske som møtast og foreinar Norden gjennom ei felles kjærleik til folkemusikken og folkedansen.

SPEL NORDISK-konsertane speglar dette formålet som gjennom ein serie på fem ulike konserter, skapt av 12 svært talentfulle ungdomar i samarbeid med godt etablerte folkemusikkartistar. Kvar og ein av dei har delt av sin eigen kulturelle skattekiste i møte med dei andre. Saman dekker dei tradisjonsområde frå store deler av Norden, og som all levande tradisjon handlar det om kva som skjer her og no sett i lys av tradisjonar henta frå fortida.

Aktøranes kunstnarlege samspel vil ta deg med på opplevingar som du seint vil gløyme! Gjennom bruk av dans, musikk og song henta frå deira eigne tradisjonar, utfordrar dei kvarandre og publikum til å sjå ut over eigne landegrenser og fokusere på kva som bind oss saman i Norden.

Kvar av dei 5 konsertane har unike måtar å hente fram ein Nordisk klang. Vi gler oss til å opne nordiske dører til ei heilt ny verd med dans, musikk og song. Saman skal vi feire vår nordiske kulturarv!

Konsertar

Artistar