NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!

Personvernerklæring

Informasjonskapslar og personvern

Personopplysningar er opplysingar som kan koplast til deg som person. Denne personvernerklæringa handlar om korleis NORDLEK2024 samlar inn og brukar informasjon om brukarane av nettstadene og tenestene til organisasjonen.

Som eigar av denne nettstaden registrerer NORDLEK2024 korleis brukarane nyttar tenesta. Vi legg vekt på å følgje intensjonane i personopplysningslova og lagrar ikkje informasjon som kan sporast tilbake til enkeltpersonar, med mindre brukaren har førespurt ein spesifikk funksjon som fordrar bruk av personopplysingar. Dette kan vere påmeldingar og kjøp av billettar.

NORDLEK2024 eig og driv nettstadDenne personvernerklæringa gjeld for bruk av denne nettstaden og tilknytta tenester.

NORDLEK2024 ved leiar av informasjonsnemnda, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysingar.

Dersom du har spørsmål om personvernopplysingar, kan du ta kontakt med behandlingsansvarleg.

Bakgrunn og omgrep

I 2018 kom eit nytt personvernregelverk. Den nye personopplysingslova av 2018 er samansett av nasjonale reglar og EUs personvernforordning, GDPR.

All behandling av personopplysingar må ha eit rettsleg grunnlag for å vere lov, jf. personvernforordningen artikkel 6.

NORDLEK2024 ved leiar av informasjonsnemnda er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysingar. Behandlingsansvarleg er den som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysingar og kva hjelpemiddel som skal nyttast.

Databehandlarar er dei som behandlar personopplysingar på oppdrag av behandlingsansvarleg. NORDLEK2024 nyttar tenester frå databehandlarar som Webflow og Weglot.

NORDLEK2024 nyttar tenester frå tredjepart, som til dømes Facebook for deling av innhald frå nettstadene våre. Dette er tenester der brukaren kan ha eigen brukarkonto. Desse tenestene ligg under tredjepart si personvernerklæring.‍

Kjøp av billettar

NORDLEK2024 nyttar tenesta [billetteneste] til sal av billettar til arrangement. Opplysingane blir brukt til å gjennomføre kjøpet. Opplysingane kan òg bli brukt til å sende deg informasjon knytt til det aktuelle kjøpet/arrangementet.  

Informasjonskapslar

‍NORDLEK2024 nyttar informasjonskapslar (cookies) på nettstaden vår. Informasjonskapslar er små filer som vi lagrar for å halde ikkje-identifiserbar oversikt over besøk på nettstadene og for å gi ei betre brukaroppleving. Til dømes gjer det at språket du vel blir hugsa til neste gong.

Behandlingsgrunnlaget for generering av anonym statistikk er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt at vi handsamar opplysingar som er naudsynte for å oppfylle oppgåver som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern. Oppgåva er i denne samanheng at nettsidene skal fungere optimalt.

Den reviderte ekomlova (lov om elektronisk kommunikasjon) av 1.7.2013, krev at alle som er ansvarlege for ein nettstad, skal informere om og innhente samtykke frå brukarane dersom nettstaden bruker informasjonskapslar (cookies). Dette er nedfelt i det som ofte blir omtalt som cookie-paragrafen, § 2-7 b i ekomlova.

I lov om elektronisk kommunikasjon § 2-7 b står det:
§ 2-7 b. Bruk av informasjonskapsler/cookies
Lagring av opplysninger i brukers kommunikasjonsutstyr, eller å skaffe seg adgang til slike, er ikke tillatt uten at brukeren er informert om hvilke opplysninger som behandles, formålet med behandlingen, hvem som behandler opplysningene, og har samtykket til dette. Første punktum er ikke til hinder for teknisk lagring av eller adgang til opplysninger:
1. utelukkende for det formål å overføre kommunikasjon i et elektronisk kommunikasjonsnett
2. som er nødvendig for å levere en informasjonssamfunnstjeneste etter brukerens uttrykkelige forespørsel.


Informasjons- og samtykkekravet er å rekne som oppfylt gjennom førehandsinnstilling av informasjonskapslar så lenge brukaren får klar og tydeleg informasjon på den aktuelle nettstaden om bruken av informasjonskapslar.

Første gongen du er inne på nettstaden, vil du få opp ein informasjonsboks om bruken av informasjonskapslar. Ved å halde fram med å nytte nettstaden, samtykkjer du til bruken av informasjonskapslar. Dei fleste nettlesarar er innstilte til å akseptere informasjonskapslar automatisk. Du kan når som helst velje å endre innstillingane slik at informasjonskapslar ikkje blir aksepterte. Det kan føre til at nettstaden ikkje fungerer optimalt.

NORDLEK2024 nyttar ikkje informasjonskapslar som kan identifisere nokon, kartleggje den enkelte sitt bruksmønster eller på annan måte krenke personvernet.

På nettstaden nettvett.no kan du lese om korleis du sjølv administrer informasjonskapslar i ulike nettlesarar.

Klagerett

Personvernregelverket skal verne enkeltpersoner mot at personopplysingar blir handsama på en måte som krenkar personvernet.

Dersom du har spørsmål om personvernopplysingar,  kan du ta kontakt med leiar av informasjonsnemnda. Dersom du meiner at NORDLEK2024 ikkje handsamar personopplysingar i samsvar med lovverket, kan du klage til Datatilsynet.