NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Langkurs: Hallingdans

13.7.24
15.7.24
9:00
16:30
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳
 NOK
MED pass
 NOK
UTAN pass

Hallingdanskurs med Ulf-Arne Johannessen.

Her vil de lære det meste ein treng for å danse halling! Hallingkurset tek for seg takt og rytme, steg og stegvariasjonar, ulike sviveturar, vanlege og kanskje meir «uvanlege» turar, karstykkje og overgangar samt kroppsføring; og sjølvsagt, rundkastet.

Kurstider:
Laurdag kl. 09.00-16.30
Sundag kl. 09.00-13.00
Måndag kl. 09.00-16.30

Om instruktøren:

Ulf-Arne Johannessen er folkedansar, folkemusikar og treskjerar frå Ål, også kjend frå FRIKAR. Han er tidlegare kongepokalvinnar i A-klassen i Dans hardingfele på Landskappleiken/NM, og har vunne Halling A på Landskappleiken/NM i 2009 og Landskappleiken i 2017.

Foto: Runhild Heggem

Har du ikkje festivalpass eller dagspass for denne dagen må du kjøpe billett "UTAN pass".
No items found.