NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!

Info til norske deltakarar

Publisert:
11.7.24 15:46
Sist oppdatert:
11.7.24 15:46

Til alle norske deltakarar på NORDLEK 2024.

No nærmar det seg festival med stormskritt, og vi gler oss veldig til å ta dykk i mot på“heimebane” i Arendal neste veke! I denne mailen får du litt informasjon om felles programog kva som er forventa/ønska at du deltek på, men alt er sjølvsagt heilt valfritt.

Nasjonal framsyning onsdag

I god tradisjon skal alle land vise fram eit program med dansar frå sine land underprogramposten Nasjonale Framsyningar. Vi frå Noreg skal vise vårt samdansprogramonsdag 17. juli kl. 18:00 på Kanalplassen. Det blir øving til framsyninga kl. 10:00-11:00 iKulturhuset - Store Torungen same dag. Samdansprogrammet inkluderer samdansen vår, Totur fra Holt.

Heile programmet finn du her: https://www.ungdomslag.no/nordlek.

Vi håpar så mange som mogleg blir med på øvinga og på framsyninga, uavhengig av om dureiser til NORDLEK åleine eller som del av ei gruppe. Velkomen!
Ansvarleg for nasjonal framsyning er Tonje Stabbetorp (482 83 616).

Festtog laurdag

Laurdagen ynskjer vi at alle skal vere med på det store festtoget/stemnetoget som gågjennom byen. Etter toget blir det Setesdalsbryllaup og nordisk folkedansmønstring der vidansar alle samdansane. Ta gjerne på bunad!

Bunad

Vi oppmodar deg som vil og kan til å ta med bunaden på NORDLEK, dette er ei godanledning til å bruke finstasen. Vi ynskjer at så mange som mogleg brukar bunad underNasjonal Framsyning onsdag og på Festtoget laurdag. Åpningskvelden er det også mangesom vil bruke bunad.

Det er ikkje eit krav om bunad for å delta i programpostane, men ei oppmoding til dei somynskjer.

Samdansar

Den norske samdansen er Totur fra Holt. Det blir fleire moglegheiter til å danse dennedansen i løpet av veka. Du finn alle dei nordiske samdansane her: https://www.nordlek2024.no/samdans

Møter

Kvar morgon (ons-laur) er det nasjonale leiarmøter. Dette er ein møteplass og einmoglegheit for kommunikasjon mellom NORDLEK, NU og alle dei norske laga/deltakarane.Her oppmodar vi leiarar frå grupper og lag til å møte for å høyre om dagsaktuell informasjon,for å stille spørsmål eller berre for å treffe andre frå Noreg. Enkeltpersoner kan også delta,møtet er ope for alle frå Noreg.

Møta skjer på Kulturkammeret desse tidspunkta:

  • Onsdag og torsdag kl. 08:00
  • Fredag og laurdag kl. 09:00

Facebook-gruppe

Bli gjerne med i vår felles Facebook-gruppe for norske deltakarar på NORDLEK, den finn duher: https://www.facebook.com/share/bvWw4kdtDm2GfspA/. Her er det åpent for å stillespørsmål eller informere om aktuelle saker gjennom veka.

Stemnekontor

Når du kjem til Arendal skal du registrere deg på stemnekontoret på Kulturkammeret. Herfår du utdelt festivalarmband og anna nyttig informasjon. Her har vi også NU-butikk og deter stort sett alltid nokon frå NU-kontoret å treffe. Ta gjerne turen innom.

Opningstidene er:

15. juli kl. 14-18
16. juli kl. 8–24
17. juli kl. 8–24
18. juli: kl. 8–24
19. juli: kl. 8–24
20. juli: kl. 8–24
21. juli: kl. 8–12

Lurer du på noko kan du alltid ringe til vakttelefonen på stemnekontoret: 480 33 160.

Er det elles noko du skulle lure på er det berre å ta kontakt med oss på NU-kontoret ogstemnekontoret. Vi gler oss til ei kjekk veke i Arendal!

Beste helsing
Solveig Brekke Hauknes (473 98 764 / solveig@ungdomslag.no)Kulturrådgjevar Noregs Ungdomslag, på vegne av Nordlek-utvalet