Various social activities to get known with eachother.
Dance and play for children.
Dance to leader to music from Suomi.
Take the family to Arendal's old port. Nice beaches, and maybe a view to Denmark?
Onsdag inviterer vi på familieutflukt til Merdø. Merdø er ei øy like ut i Arendals skjærgård. For å komme dit “mønstrer” ein på skipet Boy Leslie og segler ut på ei rikitg seglskute, eller ein kan ta ferja over og mønstre på skuta på heimvegen. Skuta tar maks 50 personar og er uansett ikkje stor nok for alle. Ho seglar fleire turar.
På Merdø er det lagt opp til fleire aktivitetar som ein deltek i i lag med andre familiar. De kan leike på stranda, bli med på øyvanding, besøke museet Merdø gård, knytte knuter, eller løyse oppgåver.
OBS! Felles tidspunkt: Mellom klokka 11.00 og 13.00 vil vi samle alle til ein stor gruppe.
Da blir det dans, musikk og song, det blir leik og stor stemning og til og med ein liten konsert. De skal også bli kjend med NORDLEKs språkambassadørprosjekt, som kanskje kan hjelpe nokon og ein kvar med å forstå kvarandre på tvers av språkbarrierar.
Det er lagt opp til at de kan få kjøpt mat og drikke på kafeen her ute (her må ein bestille på forhånd), men de kan også ta med eigen mat om de heller vil det.
Ta gjerne med badetøy om de ønsker å bade!
Det er vikitg at alle barn som er med på turen har med seg ansvarlege vaksne. Arrangementskomiteen har invitert heile familien på tur – ingen barn kan reise aleine.
Siste reis tilbake til Arendal sentrum går klokka 16.00. Den lokale Ferja fortsetter å gå helle kvelden for dei som vil bruke meir tid på Merdø.
Address:
Kulturkammeret
Kirkegaten 2B
4836 Arendal
Opening hours:
15. July: 14-18
16. July: 8–24
17. July: 8–24
18. July: 8–24
19. July: 8–24
20. July: 8–24
21. July: 8–12