Vi vil strekke oss langt for at småbarnsfamiliar skal kjenne seg velkommen på NORDLEK.
Har du med deg barn mellom ca. 5 og 12 år, så håper vi dei vil ta del i tilbodet som vi har planlagt for barn og familie. Vi trur at så lenge barna trivs, så vil også foreldra ha det bra. Vi legg derfor opp til at barna skal kunne treffe kvarandre, bli kjent og kanskje skaffe seg ein ny ven eller to.
Torsdag og fredag er det full aktivitet på Kulturkammeret for barn og familie.Kulturkammeret er den gamle politistasjonen som ligg midt i Arendal sentrum. Politikammeret er omgjort til ei mangfaldig kulturarena med mange ulike rom somegner seg til ymse aktivitetar.
Her vildet bli leik og dans i “Hjertekammeret”, leia av danseleiarar frå heile Norden,og det blir instrumentverkstad i “Klangkammeret” med påfølgande øving i Bøljebandet. “Barnerommet” vil vere ope for dei som ikkje er så interessert i aktivitetane, og NORDLEKs handverkkurs som er opne for både barn og vaksne vil og vere i huset.
Barnerom på Hjertekammeret:
Torsdag:
Kl. 10 –11 Norsk dans og lek
Kl. 11 –12 Dansk dans og lek
Kl. 13 –14 Islandsk dans og lek
Kl. 14 –15 Svensk dans og lek
Kl. 15 –16 Finsk dans og lek
Fredag:
Kl. 10 –11 Suomi dans og lek
Kl. 11 –12 Svensk dans og lek
Kl. 13 –14 Teaterlek og impro med Trine Sjølyst
Kl. 14 –15 Lynkurs før barneleikfest
Kl. 16-18 Barneleikfest
Klangkammeret:
Torsdag:
Kl. 11 –14 Lage rytmeinstrument
Kl. 14 –16 Bøljebandøving
Fredag:
Kl. 14 –15.30 Bøljebandøving
Bøljeband
Trur duungane vil ha lyst til å spele til dans?
Alle somkan speler instrument kan hente ut note og lydfil på heimesida.
Om de har tid og høve til å øve før de reiser til Arendal, så er det flott. Om ikkje kande få bli med likevel. Her er det mogleg med lausstrengkomp eller andre alternative tilnærmingar til musikken.
Spelar ikkje barnet ditt instrument til vanleg, men har likevel lyst til å spele til dans, så får dei lage artige rytmeinstrument på torsdag. Seinare får dei bli med i Bøljebandet som i praksis vil bli eit juniorspelmannslag med utvidarytmeseksjon og vaksen musikalsk støtte.
Barneleikfestkl. 16-18
Fredag eralle barn velkommen til barneleikfesten som blir leia av Trine Merete Sjølyst. Herblir det musikk og dans og moro. Bøljebandet får spele, og alle som vil kan danse. Det er planlagt servering på festen, så det er vikitg å gje beskjed til arrangøren om eventuelle matallergi.
Som opningsdagener også laurdagen ein dag da alle følgjer hovudprogrammet.
“Barnerommet”vil vere ope og tilgjengeleg om kvelden.
“Barnerommet” med barneparkering på kveldstid:
Vi ønsker at barna blir med ute på dansearenaen så lenge dei ønsker det, men vi veit ogsåat mange av barna er med mor og far utan eigen interesse i aktivitetane. Dersomvi kan gjere livet litt enklare for dei små ved å ha eit rom å trekke seg tilbake på når folkemusikken og folkedansen blir i heftigaste laget, så er Barnerommet staden for dei.
Barnerommet “Glassburet” finn du i 2.etasje i Arendal Kulturhus.
Rommet er bemanna. Her finn ungane teiknesaker, perler, puslespel, kortstokk og makramé og anna ting som dei kan halde på med mens dei vaksne dansar. Her registrerast ungane inn med namn og nummer og dei skrivast ut når dei forlét rommet. Det skal og vere tilgjengelege madrassar som dei kan slappe av på om beina ikkje orker å bere dei lengre.
Vi veit at vi teoretisk sett skal forstå kvarandre i Norden. Fullt så enkelt er det likevel ikkje. Vi arbeider aktivtfor økt språkforståing i Norden og har sidan 2014 hatt uformelle språkambassadørar ute på arenaene som kan hjelpe til med tolking og auka forståing eksempelvis når nokre ikkje forstår beskjeder som blir gitt, instruksjonar eller i ein gryande dialog mellom to barn frå ulike land. Det erikkje alltid så mykje som skal til før barna lærer å knekke språkkoder som aukar språkforståinga.
Vi ønsker at flest mogleg unge og vaksne somer tospråklege, melder seg som frivillig språkambassadør. Du registrerer deg og kompetansen din, men du forpliktar deg ikkje til bestemte tider eller stader. Alle som registrerer seg som språkambassadør vil få meir informasjon når det nærmar seg, og ved ankomst.
Address:
Kulturkammeret
Kirkegaten 2B
4836 Arendal
Opening hours:
15. July: 14-18
16. July: 8–24
17. July: 8–24
18. July: 8–24
19. July: 8–24
20. July: 8–24
21. July: 8–12